Gota hyttefelt
Gota (Gjerdsvika) - 2 byggeklare hyttetomter til salgs! 4 solgt!
6083 Gjerdsvika
Tomtene er byggeklare og vert seld ferdig grovplanert. Når hyttene blir bygd, må det gjerast litt grunnarbeid rundt hyttene slik at desse får sitt eige naturlege uteområde. Kjøpar må pårekne å betale for litt resterande grunnarbeid ut i frå plassering og storleik til hytte på tomtene.
Vi kan tilby kjøpar ein gunstig totaltpris med tomtekjøp og grunnarbeid gjennom avtale med B. Tarberg As.
Veg fram til hyttetomtene, med stor og god snuplass, og felles parkeringsplass. Infrastruktur, vatn, avløp, straum og fiber ligg fram til tomtegrensene.
God hastigheit på internett for surfing og heimkontor ved bruk av fiber.
Daglegvarebutikk, bensinstasjon og renovasjonspunkt for hytter ved Coop Gjerdsvika (2.5 km frå hyttene), 4 min med bil.
Området er regulert i vedtatt plan for "Gota hyttefelt" som seier noko om kva type og størrelse på hytter du kan bygge her.
Det er ingen byggefrist ved kjøp av hyttetomt. Kjøpar må nytte entreprenør B. Tarberg As for grunnarbeid med hytte fram til ferdigattest. Grunnarbeid til avtalt fastpris med entreprenør.
Sjå bilete av hytta som er levert av Wilbergs Group AS under.
Beliggenhet
Tomtene ligg ved storhavet i Gjerdsvika. Vill og vakker natur, med sjøen som bryt mot fjøresteinane framfor stoveglaset. Panoramutsikt frå hytta og terrassen ut mot havet framom. Frå hyttene har du utsikt til solnedgongen i havet.
Kort veg til fine fjellturar på Gurskøya. Fine stiar frå Hidsdalen og Sædalen i nærleiken. Perfekt for friluftsliv og lange gåturar.
Urørt naturterreng mellom hyttene og sjøen.
Det er mogleg å kome seg ut for å padle med kajakk fra utskipingsplass ca. 50 meter frå hyttene.
Generelt
Alle tomtene er frådelt og oppmålt.
Omkostninger med dokumentavgift og tinglysingsgebyr kjem tillegg til kjøpesum.
Dokumentavgift og tinglysingsgebyr dekkast av kjøpar.
Øvrige kommunale avgifter og abonnement for el/tele dekkes også av kjøpar.
Kjøper eig 1/6 andel i felles privat veg, parkeringsplass og infrastruktur. Gnr. 2, bnr. 28.
Tomtene seljast til høgstbydande over prisantydning.
Bud sendes skriftleg til:
post@btarberg.no
Spørsmål til tomtene kan rettast til
BT Utbygging AS
v/Aleksander Zahl Tarberg
E-post: aleksander@btarberg.no
Telefon: 466 74 461
Vi samarbeidar med Wilbergs Group AS som har levert hytta som har komt opp. Kontakt Monica Wilberg dersom du vil vite meir om hyttene dei kan levere, tlf: 998 78 805
Tomtene seljast slik dei er, jfr avhendingslova.
Tomteinformasjon og pris
Regulering
Hyttetomter
Matrikkelinformasjon
Gårdsnr: 2 Bruksnr: 28
Sande kommune