Nedre Sørlia bustadfelt
7 tomter til salgs. I Tøftestøa, Bergsøya
Prisantydning: frå 1 390 000 kr Tomteareal: frå 717 m²
Fasilitetar
Bilveg fram
Breibandsstilknytning
Offentleg vatn/kloakk
Utsikt
Fiskemoglegheit
Turterreng
Sentrumsnært
Adkomst
7 eksklusive bustadtomter til salgs på Bergsøya. Herøy sine flottaste tomter?
Tomtene ligg i eit regulert bustadfelt med felles privat veg og leikeplassar. Populært og barnevennleg område. Sørvendt plassering gir gode solforhald og kveldsol til ca kl 21 30 på sommaren. Flott havutsikt til Herøyfjorden og Flåvær.
Alle tomtene selgast i sin heilheit byggeklare med veg, vatn, kloakk og straum fram til tomtegrensen. Tomtekjøparar vil eige 1/10 del i felles køyreveg, leikeplasser og infrastuktur.
Det er planert ein leikeplass med grus, som vil ha tilkomst frå Toftestøvegen. I tillegg er det ein frileikeplass med sti, som blir tilgjengelig fra tomtene. Leikeplassane vil vere felles for alle tomtene. Området vil ha ein barnevennleg profil.
B. Tarberg AS har ansvarsrett for alt av grunnarbeid innanfor området. Tomtekjøpar må bruke dette entreprenørfirmaet til å gjennomføre grunnarbeidet med opparbeiding av tomta fram til nytt bustadhus har fått ferdigattest.
Kjøpar kan få utført grunnarbeid på tomta samtidig som infrastrukturen blir ferdigstilt. Kjøpar kan då raskt kome i gong med bustadbygging på tomta. Opparbeiding av tomta kan også skje på seinare tidspunkt. Overtakelsesdato for tomtene skjer etter nærare avtale med seljar.
Pris og info
Toftestøvegen
Tomt 1 - bilete av tomt og utsikt
Tomt 2 - bilete av tomt og utsikt
Tomt 3 - tomt og utsikt
Tomt 5 - bilete av tomt og utsikt
Tomt 6 - bilete av tomt og utsikt
Tomt 9 - bilete av tomt og utsikt
Tomt 10 - bilete av tomt og utsikt
Bud i henhold til prisantyding på gjenværande tomter må sendast skriftleg på mail til post@btarberg.no.
I tillegg til kjøpesum kjem omkostningar med dokumentavgift 2.5% av kjøpesum, og tinglysingsgebyr på
kr 585,-
Alle andre spørsmål om tomtene kan rettast til:
BT Utbygging AS
v/Aleksander Zahl Tarberg
E-post: aleksander@btarberg.no
Telefon: 466 74 461
Avtale om kjøp skjer i henhold til dei avtalebetingelsar som framgår av annonsen og kjøpekontrakt. Alle tomtene selgast "som dei er" i henhold til avhendingslova § 3-9
Beliggenheit
Tomter for einebustader i barnevenlege Nedre Sørlia, Toftestøa.
Lokalisert på sørsida av Bergsøya.
Tomtene ligg vendt mot sør, i skråande terreng og med sol heile året. Fantastisk sørvendt plassering, der husa blir liggande i trappetrinn slik tomtene får nydeleg sjøutsikt mot Herøyfjorden. Fin utsikt mot havet i vest.
Nedre Sørlia bustadfelt ligg sentralt til i ytre Herøy med berre 5 minutts køyring til Fosnavåg med alle sine fasilitetar. Gåavstand til butikk og handelsområde på Myklebust og Eggesbønes. Gåavstand til Troll-Myra barnehage.
Frå boligtomtene kan du også gå til flotte bade-og friluftsområde i nærleiken. Vikefjella og Igesundfjella er populære turmål og friluftsområde i Klubben er eit tilrettelagt badeområde.
Størrelsen på tomtene går fram av tomtedelingsplan. Alle tomtene er oppmålt og har eigne gårds-og bruksnummer.
• Det er ingen byggefrist på tomtene.
Gjeldande reguleringsplan for området vil sette rammer for kva du kan bygge på tomtene.
Kjøpar vert oppmoda til å sette seg inn i vedlagt plankart og reguleringsføresegner for området.
Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med oss. Vi stiller gjerne til visning av tomtene.
Beskaffenheit
Tomtene sin størrelse og form går fram av tomtedelingsplan. Alle tomtene er oppmålt med eigne gnr/bnr. Prisantydning som opplyst i annonsen. Veg, vatn, kloakk, overvatn, straum og fiber blir lagt fram til tomtegrense.
Veg med gatelys, delvis asfaltert. Resten av vegen vil bli asfaltert når fleire tomter er ferdige.
Tomt 9 og 10 vert seld ferdig grovplanert.
Vi kan tilby kjøpar ein gunstig totalpris med tomtekjøp og grunnarbeid gjennom avtale med B.Tarberg AS.
Kjøpar av tomta vil eige 1/10 del i felles privat veg, leikeplassar og øvrig infrastruktur.
Tomtene selgast slik dei er etter avhendingslova og med dei rammer som går fram ihht til reguleringsplan.
Regulering
Bustadformål
Matrikkelinformasjon
Kommunenr: 1515
Gårdsnr: 36, Bruksnr: 197